Heim til jol

Songlaget i BUL Oslo ynskjer velkomen til jolekonsert i Sagene kyrkje, «Heim til jol».
Me kan presentera ein variert konsert med klassisk repertoar, tradisjonelle jolesongar presenterte med nyare arrangement, tradisjonelle innslag for Songlaget og nyare jolemusikk av og med norske tekstforfattarar og komponistar. Koret har fått mange nye songarar dei siste åra. Med nye medlemer kjem nye ynske om kva som skal stå på repertoaret. Dette vil du få gleda av å høyra denne kvelden.
Med oss på jolekonserten har me på orgel og flygel Vegar Sandholt og på trekkspel Ida Løvli Hidle. Dei er med som tonefylgje på delar av repertoaret.
Knut Kristian Mohn, den faste dirigenten vår, er musikalsk leiar for kvelden.
Oslo Musikkråd har gjeve stønad til konserten.
Ansvarsfraskrivelse
Kjøpte billettar blir ikkje refundert