Jubelleik

Arrangementsinformasjon

Når Leikarringen feirer 100 år skal det gjerast stort. Målet er sjølvsagt at Jubelleik-helga skal minnast i tiår framover! Det blir fullt program heile laurdagen med Framsyningskappleik på dagtid og leikfest og framsyning(ar?!) på kvelden med dans i fleire salar og den beste dansemusikken som kan oppdrivast. 

Leikfest

Laurdagskvelden blir det stor leikfest, eller dansefest, i Nynorskens Hus. Det blir dans i Teatersalen, og kanskje òg i Kjellarstova. I løpet av kvelden skal me innom både runddans, bygdedans, turdans og songdans. Med andre ord, noko for einkvar smak! Det blir mellom anna dans til Lendmenn, og Åsmund Reistad, Ole Nilssen og Vegar Vårdal.

Det vil bli servert småmat på fat i lagsrommet, men ingen stor middag på dekka bord. Det er dansen som skal stå i fokus denne kvelden.

Framsyningskappleiken

Framsyningskappleiken er ei tevling i å ha det beste framsyningsprogrammet med norsk folkedans. Sjølve kappleiken vil bli gjennomført på Det Norske Teatret i profesjonelle omgjevnadar. Alle som vil kan delta så lenge dei held seg innafor tevlingsreglementet.


Meir informasjon om jubileumsåret, kan du finne på http://hundreleik.no/

dans
konsert
forestilling
jubileum
jubileumsår
folkedans
folkemusikk

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar vert ikkje refundert.