page view image

"Tonar på tunet" - Sumarkonsert med Songlaget i BUL Oslo

Informasjon
event image

Velkommen til ein stemningsfull og hyggjeleg sumarkveld med Songlaget i BUL Oslo

Konserten blir halden på gardstunet på Nedre Blindern gard. Éin unik, historisk og idyllisk stad i Oslo, som vil gi ei ekstra flott ramme og atmosfære for konserten og kvelden. 


Koret vil presentera eit variert repertoar frå vakre folketonar, verk skrivne til koret, klassiske innslag og litt anna for kvelden. 

Me har med oss to dyktige musikarar, Jon Hjellum Brodal på fele/hardingfele og Arild Bjørkelo på slåttetromme, som vil krydra konserten og kvelden for både publikum og koristane. 


Allsong høyrer med på ein slik kveld. Så alle som vil, kan bli med på nokre sommarlege tonar saman med oss.


Vi gjer merksam på at konserten føregår utandørs. 

Ved dårleg vêr blir konserten flytta til Nynorskens Hus, Rosenkrantzgate 8. Arrangøren vil senda ut ei eiga melding om det blir naudsynt. 


Koret feirar 110 års-jubileum i 2024. Dette markerer me med ein større jubileumskonsert på stiftingsdatoen vår 6. desember. Sett av datoen, og følg med, følg med.