Jubileumskonsert 1914 - 2024
Velkomen til Jubileumskonsert 1914 - 2024
Vi kan tilby ein variert og innhaldsrik konsert med hovudfokus på norske song- og musikktradisjonar som er eit av dei viktigaste målsetjingane for koret.
Grieg sine «Fire salmer» vert hovudverket under konserten. I tillegg byr vi på folkemusikk både i tonar og tekst som er ein viktig del av koret si historie. Vidare vil vi framføre verk som er skrivne for/til Songlaget, og anna repertoar frå koret sitt historiske og nyare arkiv. Sidan konserten er i desember, vert det og ein avdeling med julemusikk. Publikum får soleis med seg ein god dose førjulsstemning etter konsertopplevinga.
Baryton Aleksander Nohr er solist på salmane. I tillegg har vi og med oss ei samansett gruppe med gjestemusikarar med bakgrunn både frå klassisk musikk og folkemusikk for å gje ei rikare oppleving av konserten.
Me gler oss til å sjå deg på konserten.
Vel møtt!
Restriktioner
Det er ikkje lov å ta med mat og drikka inn i salen, og ytterklede må bli att i garderoben under konserten.